Bjørnar i gang: 14:23.22 på 5000m

(07.07.2019) Under Boysen Memorial på Bislett fredag sesongdebuterte Bjørnar Sandnes Lillefosse med 14:23.22 og 4.plass på 5000m. Medisinstudenten fekk forsesongen spolert av sjukdom, men er no i gang igjen og fredagens løp var betre enn årsbestetida hans i fjor. Vi trur at han raskt kan nærme seg 2017-formen utover sommaren, den sesongen tok han som kjent sølv på 10000m i NM. Elles hadde vi fire mann med på 800m. Sondre Hoff var raskast av våre denne gongen med 1:58.75, medan Kristoffer Grindedal fekk notert 1:58.91. Det vart fine persar på Ragnar Nerseth (2:01.19) og Oddne Teigenes (2:02.48), vi håpar begge kjem seg under 2:00 i løpet av sesongen.

Onsdag var det Folksam GP i svenske Karlstad. Her gjorde Jacob Boutera nok eit sterkt løp – 3:44.80 er hans nest beste tid nokon gong og den kom i eit løp der han vart liggande på halvdistanse mellom to grupper mesteparten av løpet i det sterke feltet. På 800m fekk Sondre Dingsør kJenning med skade og kom inn til 1:55.80 medan Sondre Hoff persa til 1:56.82.

Mange har også vore i aksjon utanfor bane. May Britt Buer vart nr. 2 i motbakkløpet Hestanipen Opp, omlag minuttet bak Eli Anne Dvergsdal. Under ‘Norges raskeste 5km’ på Nesbyen vart Martin Finne nr. 3 på 15:04 og Johannes Teigland nr. 4 på 15:38, og Andrea Boutera vann 10km under Unionsmaraton i Rømskog på 40:18.