Persar på Ine og Johannes på 1500m

(30.06.2019) Storarrangementet Världsungdomsspelen gjekk i Göteborg denne helga, med tre deltakarar frå Gular. På laurdagens 1500m vart det persar både til Ine Bakken (vann B-heatet på 4:38. etter å ha dratt nesten heile løpet) og Johannes Teigland (4:05.56 og nr 2 i B-heatet). Søndag vart det årsbeste 24.38 på Christine Bjelland Jensen (vind -0.9). Torsdag løp Sivert Sellevold eit pent løp på den uvanlege distansen 150m på Osterøy – 17.05 vart det i godkjent vind.

Elles gratulerer vi Mats Hauge – pt på ferierepresentasjon til heimeklubben Haugesund – med flott 1500m på 3:45.06 som var både pers og under EM U23-kravet – under British Miler Club-stemnet i Watford laurdag. Mats er tilbake i Gulardrakt like etter NM på Hamar.

Komande veke har vi elles mange i aksjon: På svensk GP i Karlstad onsdag stiller både Ådne Svahn Dæhlin, Sondre Dingsør og Sondre Hoff på 800m, medan Jacob Boutera deltar på 1500m.
Fredag er det Boysen Memorial på Bislett, og der årsdebuterer Bjørnar Sandnes Lillefosse på 5000m. På 800m har vi så mange at dei nesten ville fyllt opp eit heat åleine: Sondre, Sondre og Ådne stiller på denne distansen slik dei gjer i Karlstad, og dessutan er Kristoffer Grindedal, Ragnar Nersten og Oddne Teignes påmeldt