Torbjørn Lysne 22.01 på 200m

(23.06.2019) Det har vore ei relativt roleg veke på konkurransefronten for Gular sine utøvarar. Høgdepunktet hadde vi rekna med ville bli Marius og Per sin 5000m i tyske Tübingen laurdag, men det stemnet vart avbrote på grunn av dårleg ver!

Vi startar på Knarvik onsdag, der Nikolas Jon Aarland, mest kjent som musikar, løp ein fin 10000m og persa til 32:24.65. Kanskje han kan klare NM-kravet på 31:59.99 på neste forsøk? Under Veidekkelekene på Lillehammer løp Torbjørn Lysne på 22.01 i sin første 200m for året, og 49.96 på 400m.

På Modum var det NM for veteranar, der det totalt vart 2 gull og 5 sølv til Gular. Erik Wagner Larsen vann 300m hekk i klassen 75-79 år på 57.71, som litt avhengig av korleis ein ser det, er norsk veteranrekord for årsklassen. Det er beste tid med 68 cm hekkar, men Gudmund Skrivervik har løpt 2/100 fortare med 76 cm hekkar! Eriks gamle spesialøving 400m gjekk unna på 71.82, vel sekundet bak kretsrekorden for denne klassen. Sprekt av veteranen som var på Gulars vinnarlag i Holmenkollstafetten i 1970, 1972 og 1974! Arthur Lillefosse som også stiller i 75-79 årsklassen var som vanleg med i mange øvingar, og det vart sølv både i høgde (1.10), tresteg (6.50), kappgang (36:21.15) og 200m (43.30). Hallvard Nilsen vart nr. 2 på 5000m i MV40 med 16:06.17.