Sterkt hinderløp av Jacob: 8:43.96!

(18.06.2019) Under Folksam Grand Prix i svenske Sollentuna leverte Jacob Boutera nok eit flott løp. I karrierens andre hinderløp persa han med heile 35(!) sekundar og avanserte til femteplass på Gulars alle tiders statistikk med 8:43.96, beste Gulartid på distansen sidan 1982 (Anfin Rosendahl)! Femteplass vart det også i det sterke feltet der han vart liggande åleine delar av løpet. Jacob har imponert på alle distansar i år og det blir interessant å sjå kva han kan klare også på 800 og 5000 der han hittil i år ikkje har prøvt seg – men 1500 blir vel hovuddistansen i alle fall i år…