God mellomdistanseløping i Strandebarm

(16.06.19) Gular-utøvarane har også denne helga vore i aksjon mange ulike stader. Vår samarbeidsklubb Strandebarm IL arrangerte den årlege Hardanger Friidrettsfestival, og var heldige med veret. Høgdepunktet laurdag var 800m for menn. Thomas Heggøy var i teten til starten på oppløpssida, då Sondre Dingsør kjempa seg forbi og tok heim førstepremien med 1:52.80 i årsdebuten sin på bane utandørs. Thomas vart nr. 2 på 1:53.33 og Kristoffer Grindedal nr. 4 på 1:53.85. Lenger bak fekk Sondre Hoff 2:00.09 og veteranen Geir Skaten 2:07.01, sistnemnde ei pen tid i MV 45-klassen. I dameklassen sesongdebuterte Maria Sæterstøl på 2:30.94.

Søndag slo Thomas tilbake med ny pers på 1500m – 3:52.94 etter å ha dratt frå 800m og til mål. Han vann knepent føre Sondre Solbakken Omvik frå Rosendal som også persa. Dessutan flott pers på Sondre Hoff med 4:00.33, han ligg godt an til å bli Gularløpar nr. 114 under 4:00 på 1500m. Sivert Fløgstad Sellevold persa igjen – no til 50.42 på 400m, og har dermed betre pers på ‘runden’ enn mellomdistanseløpar Heggøy.

Gular og Hovding var representert på Tyrvinglekene på Nadderud. Christine Bjelland Jensen løp årets første 100m som gjekk unna på 12.16. Ine Bakken vann 3000m på nesten-pers 9:48.52, og Johannes Teigland persa til 8:46.10 på same distanse. Lars Olav Måkestad Apold og Ken Tony Johansen var heller ikkje langt bak persane sine med hhv. 8:57.71 og 9:23.77. Desse to var også med på Birken laurdag der det vart 18. og 35. plass med hhv 1:17.57 og 1:19.40 på halvmaraton, der dessutan Ingeborg Kristine Lind vart nr.8 i dameklassen med pene 1:26.27.

I 17-års klassen persa Sebastian Wichstrøm Rolland til 24.54 på 200m, 56.42 i spyd (700g) og 37.90 med 1.5 kg diskos. Eit år yngre William Skjoldli persa til 5.74 i lengde, 25.38 på 200m og 12.60 på 100m, og 17 år gamle Eva Moldestad var like bak persane sine med 13.58 på 100m og 27.44 på 200m.

I Luster vann May Britt Buer nok ein gong Molden Opp, og på heimebane vann Elise Tveit Venås, som har ferieovergang til moderklubben Søndre Land, eit anna motbakkeløp: «Fra Fjord til Helvete».

På bildet: Anders Bjørndal (Gneist), Kristoffer, Trygve Feidje Mjelde (Osterøy), Thomas og Sondre Hoff. Sondre Dingsør var i nærleiken men kom ikkje med på bildet.