Kjempeløp av Jacob på Bislett: 3:42.75!

(13.06.2019) Under kveldens Bislett Games leverte Jacob Boutera eit kjemepeløp og vann den nasjonale 1500-meteren på sterke 3:42.75, pers med tre sekundar. Marius Vedvik følgde fint opp med pers 3:44.04 på tredjeplass, medan Per Svela var like bak persen med 3:47.94. Med dette gjekk dermed Jacob og Marius inn på 6. og 9.plass på klubbens alle-tiders statistikk, mellom dei to finn vi kjende namn som Sverre Sørnes og Frank Otto Meinseth. Etter 1990 var Thomas Solberg Eide den einaste som hadde kome inn som ny i topp-10 før i kveld, så det seier litt om prestasjonen til Jacob.

På 100m sette Even Meinseth fin årsbeste med 10.61 trass skade på slutten av løpet, og årsbeste vart det også på 400m for Christine Bjelland Jensen (55.70) og Torbjørn Lysne (48.96).