Veteranrekord igjen av Ådne: 1:50.37 på 800m!

(08.06.2019) Under eit stemne i Nittedal gjorde Ådne Svahn Dæhlin eit flott løp og vart nr. 2 på 800m med 1:50.37, berre slått av Norges beste 800m-løpar dei siste åra, Thomas Roth. Med dette forbetra 36-åringen sin eigen norske rekord i MV35 med rundt halvanna sekund. Kanskje det i løpet av sesongen kan bli endå eit sub-1:50 løp i tillegg til dei 35 Ådne gjorde i perioden 2002-2013? Kristoffer Grindedal sette også fin årsbeste med 1:53.65, og Sondre Hoff var nær persen med 1:57.89.

I Asker kjempa Christine Bjelland Jensen met motvinden og fkk bokført 25.09 på 200m og 39.76 på 300m. Vi får tru på betre forhold og klaff på Bislett Games på torsdag.
Vi noterer oss elles at May Britt Buer vann Skredløpet og at Geir Skaten vart nr. 2 i MV 40 (og nr. 8 totalt) i Bergen fjellmaraton.