Flott 1500-løping på Jessheim

(06.06.2019) Under ‘Grefsen eiendom elite’ på regnvåte Jessheim i kveld leverte våre løparar fleire sterke prestasjonar med persar og nesten-persar. Raskast av våre var Marius Vedvik, som med 3:45.77 og andreplass i A-heatet endeleg fekk forbetra persen frå 2014 som var 6/100 bak dagens tid. Jacob Boutera var hakk i hæl på fjerdeplass, og 3:45.96 var berre nokre få hundredelar bak persen frå Trond Mohn Games i mai. Per Svela vart nr. 5 på solid pers 3:47.38, og kom under 3:50 for første gong. I B-heatet vart Thomas Heggøy nr. 2 på 3:54.59 som er under sekundet bak persen.

Vi tar også med at Ådne Svahn Dæhlin vart nr. 2 på 800m på Lambertseter tysdag med 1:52.00 og viser stabil form.