24.39 på 200m av Christine

(02.06.2019) Denne helga har vi hatt løparar i aksjon både i Oslo, Kristiansand, Bergen og Stockholm. Vi startar i Oslo der Christine Bjelland Jensen vann både 200m og 400m på Tjalvelekene. 200m-tida på 24.39 tyder på at det går mot nok ein god sesong for fjorårets NM-sølvvinnar på distansen. Ho vann også 400m på 55.76. På same stemne sette Sivert Fløgstad Sellevold frå Hovding (og Gular) utepers på 400m med 50.76 på 200m vart det 23.15 som er like bak pers. I Kristiansand vart Ådne Svahn Dæhlin nr. 2 på 800m med 1:53.13, han skal i aksjon igjen på Lambertseter på tysdag.

Heime på Fana stadion under Framolekene vart det mange persar og fine resultat. Vi startar med 100m, med Even Meinseth årsdebuterte med to motvindsløp på 10.96, i det siste (superfinalen) vart han dømt bak på målfoto. Torbjørn Lysne vann 400m på 49.62 og heldt unna for ungdommane frå andre klubbar. På 800m vart det ein solid pers til Sondre Hoff med 1:57.24, medan Ken Tony Johansen fekk 2.08.06 i det vi trur var hans første løp på distansen. På 1500m vart det persar både til Lars-Olav Måkestad Apold (4:12.31) og Ken Tony Johansen (4:16.16), og dei følgde opp med persar på 8:55.91 og 9:15.99 på 3000m. Hilde Brennskag og Elise Tveit Venås debuterte (etter det vi veit) på 1500m, Hilde fekk sterke 4:55.72 og Elise 5:14.99, og Hilde følgde opp med pene 10:35.79 på 3000m.

Det vart også notert kastresultat på Framolekene: 17-åringen Sebastian Wichstrøm Rolland frå Hovding noterte 11.71 i kule, 37.49 i diskos (pers) og 51.69 i spyd med dei reiskapane som ein brukar i den årsklassen. I løpet av året reknar vi med at han tar fram senior-reiskapane så vi får litt seriepoeng også i kast.

Vi har heller ikkje gløymt Diamond League i Stockholm på torsdag: I det nasjonale B-heatet vart Mats Hauge og Thomas Myklebust Heggøy nr 4 og 5 i med 1:54.84 og 1:55.19. Vinnartida var 1:54.49.