MARIUS 13:29.46 og kretsrekord på 5000m, PER 13:35.09

(26.05.2019) Marius Vedvik og Per Svela leverte råsterke løp under IFAM (International Flanders Athletics Meeting) i belgiske Oordegem seint i går kveld. I A-heatet på 5000m vart Marius nr. 6 på ny kretsrekord 13:29.46, pers med heile 16 sekundar! Per følgde fint opp med 13:35.09 på 12.plass, pers med vel fem sekundar. Marius sletta dermed Jan Fjærestad frå Fana IL sin 41 år gamle kretsrekord på 13:37.2, sett på eit Bislettstemne som blir hugsa for Henry Rono sin verdsrekord på 7:32.1 og Grete Waitz sin norske rekord på 8:32.1. Marius og Per gjekk dermed inn på 14. og 18.plass i Norge gjennom tidene på 5000m. Tydeleg at Marius, Per og trenar Arne Risa har hatt klaff med treningsopplegget i år, og endå er det berre mai! Vi ser fram til framhaldet utover sommaren og trur det er fleire kretsrekordar som blir slått i løpet av året.

Bilde: Marius og Per saman med Sigurd Ruud Skjeseth frå Tjalve t.v. som også persa i same heat med 13:47.66

Men det skjedde også mykje anna gledeleg i helga sett med Gular-auge. Under NM halvmaraton i Sandnes slo 17-åringen Adele Henriksen til med ein klar siger i U23-klassen på ny pers 1:22.11 – klubbrekord for junior-19 og junior-22 og tredje best i Gular gjennom tidene. På gateløpsfronten noterer vi oss at Johannes Teigland vart nr. 3 i BDO-mila i Hordnesskogen onsdag med 34:23, her vart Ine Bakken nr. 2 i dameklassen på 37:59. I Blømingsmile i Hardanger vann Ken Tony Johansen ein knepen siger med 33:30, her vart May Britt Buer nr. 2 i dameklassen med 39:00.