Ny kjempepers av Jacob Boutera: 3:45.87!

(22.05.2019) Dagens Trond Mohn Games vart noko prega av småsurt ver, men for litt lengre løp var forholda heilt greie. For nettredaktøren var det 1500m som vart høgdepunktet. Sidan det internasjonale og sterke feltet ikkje følgde på haren, fekk våre to gutar Jacob Boutera og Mats Hauge ei fin reise i passeleg tempo for dei. Jacob vart nr. 6 med 3:45.87 – pers med nesten fire sekundar. medan Mats persa med vel sekundet til 3:47.29 trass i svært stive bein dei siste metrane. Dei avanserte dermed til 13. og 21. plass på klubbens tøffe alle-tiders statistikk på distansen – no er det 27 mann under 3:48.0 gjennom tidene. Begge to følgde dermed opp flott 3000-løping sist veke, og Mats tar nok EM U23-kravet på 3:46.00 på neste forsøk. På 3000m var også opningstempoet i rolegaste laget, og dermed overlevde kretsrekorden denne gongen også. Marius Vedvik løp sterkt i andre halvdel av løpet og fekk 7:56.26, medan Per Svela fekk det tungt på slutten og enda på 8:03.66. I 800m B-heat vart det dobbelt til Thomas og Kristoffer med 1:54.42 og 1:54.88, medan Robin Nedrehagen fekk 1:57.07, og ppp 400m sette Sivert Sellevold utepers med 50.89 då han vann B-heatet etter ei sterk avslutning.

Frå Åsaneløpets sin 5km på søndag tar vi med at Ine Bakken vart nr 2 på 17.15 og Adele Henriksen nr 3 på 17.26.