Marius Vedvik med 7:54.95 på 3000m – Arne Risa Classic vart ein festkveld

(15.05.2019) Den tredje Arne Risa Classic på Fana stadion vart ein festkveld. Veret var godt, og aktive (harar inkludert), funksjonærar og tilskodarar bidrog alle til at det vart ein kveld som vil bli hugsa ei stund. Etter oppvarming med Folkeløpet over 3000m var det klart for 800m for herrar. Etter fin harejobb av Alexander Tesfamariam tok Thomas Heggøy over teten føre veteranen Ådne Svahn Dæhlin. På oppløpssida måtet Thomas sleppe både Ådne og ålesundaren Andreas Vangsnes forbi seg, på dei siste metrane seig sunnmøringen (med far med ei fortid i Gular) såvidt forbi og persa til 1:51.86. Ådne fekk 1:51.92 i sitt første baneløp sidan 2013, og sletta dermed Tor Øyvind Ødegård sin 15 år gamle norske rekord (1:52.14) i menn veteran 35-39 år. Denne rekorden vart sett då Tor Øyvind tok bronse bak Ådne og Kerken under NM i Florø i 2004. Thomas fekk 1:52.80 som er ein grei sesongstart og hans tredje beste løp nokon gong, og Kristoffer Grindedal opna også sesongen bra med 1:54.37. I eit sterkt kvinnefelt på 3000m vart det ein flott sjetteplass til Ine Bakken på 9:46.90, pers med heile 23(!) sekundar og sjette best i Gular gjennom tidene.

Så var det klart for kveldens høgdepunkt – 3000m menn A-heat. Etter flott harejobb av Håkon Mushom (3.58-59 på 1500m) var som så ofte før Marius Vedvik i tet, og han heldt fram med hardkøyret som det etter kvart berre var klubbkamerat Per Svela som klarte å følgje med på. På dei to siste rundane veksla dei om å vere i tet, men på oppløpssida viste Marius seg denne gongen som den sterkaste og kom inn på 7:54.95, pers med 4 sekundar, medan Per fekk 7:55.57. I pulje to vart det solide persar både på Mats Hauge (8:04.43, fjerdeplass og pers med 10 sekundar) og Jacob Boutera (8:06.41, sjetteplass og pers med 18 (!) sekundar. På klubbstatistikken er no Per (7:54.66 frå 2017) og Marius nr 2 og 3, medan Mats er nr. 9 og Jacob nr. 11. Vi trur neppe Anfin Rosendahl sin kretsrekord på 7:53.78 frå 1981 overlever denne sesongen.
I B- og C-heatet vart det flotte persar til både Sondre Arne Hoff (8:43.90), Johannes Teigland (8:47.91), Nicolas Jon Aarland (debut på 8:57.45), Lars Olav Måkestad Apold (8:57.50) og Ken Tony Johansen (9:20.81). Geir Skaten sine 9:31.51 i MV45 er også pent.