Tredje strake i Holmenkollstafetten

(12.05.2019) Under laurdagens Holmenkollstafett tok Gulars herrelag ein suveren siger, den tredje på rad og nr 15 totalt. Gular kom greit ut i starten og avanserte frå femteplass etter startetappen til andreplass etter tre etappar. Tidleg i femte etappe løp Sondre Dingsør Gular i tet, og deretter auka leiinga jamt og trutt til vi kom i mål 1:03 føre toaren Strindheim. Våre tradisjonelt sterkaste konkurrentar Tjalve var ikkje på plass i tide ved tredje veksling og tapte rundt 40 sekundar der, utan at det hadde noko å seie for kven som vann. Vinnartida på 50.13 var 5 sekundar dårlegare enn i fjor, neste år går vi for 49-talet og femte strake. Styrken til klubben er at vi har eit jamnare lag enn konkurrentane. Når vi ser på etappetidene må vi først og fremst trekke fram Marius Vedvik som slo sin eigen etapperekord med 7 sekundar på langetappen, og Jacob Boutera som tangerte den 11 år gamle etapperekorden på lille Besserud. Også Sondre Dingsør på 5. etappe, Thomas Heggøy på 11. etappe og Even Meinseth på 12. etappe hadde beste etappetid. Ein annan rekord stod trioen Ådne Svahn Dæhlin, Vidar Dahle og Torbjørn Lysne for, dei toppar no lista over antal Kollen-sigrar for Gular med 5 kvar, Ådne gjorde comeback etter å ha vunne i 2005, 2006, 2009 og 2013, medan dei to andre tidlegare hadde vunne i 2009, 2013, 2017 og 2018.

Andrelaget for menn – ei god blanding av ungdom og veteranar – rykka opp i eliten i fjor og klarte å halde plassen i øverste divisjon i år, det må laget vere nøgde med, det vart ein 16.plass av 18 lag. Den som kom høgast på rankingen over etappetider var Oddne Teignes med fjerde beste tid på tredje etappe og ankermann Sivert Sellevold som hadde åttande beste etappetid. Dagen etter tangerte Sivert for øvrig persen frå i vinter då han løp på 22.99 på 200m under Karabinlekene.

På damelaget har vi hatt stor utskifting sidan i fjor, men vårt unge lag kjempa godt heile vegen og vart til slutt nr. 8. Etter tre etappar låg vi på tredjeplass, men fall litt nedover på listene etter kvart. Slutt-tida var halvminuttet dårlegare enn i fjor, men det var berre 22 sekundar opp til femteplassen. Dette blir mykje betre til neste år! – seier dametrenar Bjørn Steinar Nedrebø. Ine Bakken og Hilde Brennskag på dei to første etappane hadde begge tredje beste etappetid, det hadde også Kjersti Fresvik på langetappen.

Det var stor stemning etter løpet og opplegget rundt stafetten var også flott organisert av våre dyktige leiarar i klubben!