Per slo Arnes 49 år gamle klubbrekord på 5000m – 13:40.63!

(03.05.2019) Under Payton Jordan Invitational i Stanford i California seint torsdag kveld (amerikansk tid) gjorde Per Svela eit kjempeløp på 5000m og sletta trenar Arne Risa sin klubbrekord frå 1970. Med 13:40.63 persa rogalendingen med knapt eit sekund og dermed var Arnes 13:41.0 frå Warszawa 1970 sletta frå klubbrekordlistene. Per vart nr 3 i eit jamt B-heat med moderat opningstempo (8:17 på 3000m). På dei siste to rundane gjekk det fort unna (59 på siste 400 og 2:02 på siste 800), og det var berre nokre få tidelar frå Per og fram til vinnaren. Per er no nr. 22 gjennom tidene i Norge på distansen – og berre 8/100 frå å vere beste løpar frå den delen av Rogaland som ligg sør for Sandnes! Arne Risa fyller for øvrig 75 år på søndag (5.mai), og det at ein av hans utøvarar slår klubbrekorden hans er ei bursdagsgåve vi veit han set stor pris på!

Litt klubbrekord-historikk: Gulars første sterke langdistanseløpar Endre Gåsemyr (NM-medalje på hinder) løp på 15:12.0 i 1953. Denne klubbrekorden stod til 1956 då Arne Hamarsland vart første Gularløpar under 15 minuttar med 14:59.8, som han oppnådde under eit seint hauststemne på Skansemyren. I 1957 ser det ut som sogningen Ingvald Hagen fekk låne rekorden eit par månader med 14:53.6 (4.plass under NM på Krohnsminde), før Arne H. slo til med 14:38.0 – nok ein gong på eit seint hauststemne. Deretter forbetra Arne H. rekorden ved fleire høve og hadde den fram til 1967 då Arne Risa overtok den med 14:08.6 – Arne H. persa for øvrig til 14:19.0 same år etter å ha pressa klubbrekorden ned til 14:22.8 året før. Arne R. løp på 13:54.8 i 1968 og så kom persen to år seinare.