Klar siger på Askstafetten

(01.05.2019) Nok ein gong gjorde Gular det sterkt på Askstafetten. Årets stafett var den 67. i rekka og er kretsens eldste arrangement. Herrelaget tok ein klar siger på pene 14:43, 18 sekundar bak løyperekorden frå 2017. På første etappe veksla Robin Nedrehagen for Gular 2 som nummer to så vidt føre Gular 1 og Kristoffer Grindedal som delte tredjeplassen med Gneist 1. Gular 3 var like bak der igjen på ein femteplass. På andre etappe løp Thomas Heggøy råsterkt og Gular 1 veksla først – så vidt føre Gneist 1. Etappetida var sekundet betre enn Bård Kvalheims etapperekord frå 2005! Torbjørn Lysne sørga for at Gular 1 framleis var i tet etter tredje etappe, men Gneist 1 var hakk i hæl, dei andre laga var no hekta av tetkampen. Avgjerda kom på fjerde etappe då Jacob Boutera skaffa ei luke på 10 sekundar til Gneist 1. Sondre Dingsør og Alex Tesfamariam tok godt vare på denne og i mål var avstanden 18 sekundar. Gular 2 vart nr 5 totalt og Gular 3 nr 9. Sistnemnde lag hadde stor spennvidde i alder – ein 17-åring og to 45-åringar! Dessutan vart det premie for beste etappetid både til Thomas, Torbjørn, Sondre og Alex.

I dameklassen stilte vi med to seniorlag som vart nr 6 og 11 totalt (senior+junior). Når vi ser på etappetidene var våre beste noteringar to tredjeplassar – til Ine Bakken på Gular 1 på tredje etappe og til Eva Moldestad på Gular 2 på fjerde etappe.