Comeback av Ådne

(27.04.2019) Gular har hatt fleire løparar i aktivitet både under Bergen City Maraton (BCM) og i Sentrumsløpet i Oslo i dag. På grunn av streiken i SAS vart det løping på heimebane for Marius Vedvik, som vann 5km greit på 15:25 (mykje slalåmløping) pluss ein etappe på vinnarlaget i stafetten – The Dale Oen Experience. Ine Bakken vart nr 3 på 5 km 18.32 etter først å ha løpt stafett med lovstafetten, Kjersti Fresvik avrt nr 4 på 18.59, og Elin Hanevik kom på 8. plass med 19.32. På halvmaraton vann Geir Storetvedt Skaten klassen 45-49 år med 1:19.35 medan Åshild Teigland Tepstad kom inn på 1:38.53.

Under Sentrumsløpet i Oslo var det nok Ådne Svahn Dæhlin sin tredjeplass på Sentrumssprinten med 1:55 på dei 800 metrane som vakte mest oppsikt for Gular sin del. Klubbrekordhaldaren på distansen har tre NM-gull for senior, men det er lenge sidan vi har registrert han på ei resultatliste individuelt. Ådne fyller 37 til sommaren og er nok Norges klart raskaste på distansen i menn veteran 35-39, kanskje eit forsøk på den norske veteranrekorden på 1:52.14 kunne friste? Uansett sikra Ådne seg truleg ein plass på laget til Holmenkollstafetten der han, Vidar Dahle og Torbjørn Lysne har sjansar til å bli dei første med 5 sigrar på distansen i Gulardrakta. Oddne Teigenes løp også sentrumssprinten og fekk 2.06. På 10km var det hyggeleg å sjå Bjørnar Lillefosse tilbake i konkurranse, han vart nr. 3 med 31:06 og slo såvidt Martin Finne som vart nr 5 på 31:14.

Bildet av Ådne er henta frå Wikipedia