Ine Bakken vann Perseløpet

(14.04.2019) Gular var godt representert på Perseløpet på Eidsvoll i dag. I den 5km lange løypa vart det siger til Ine Bakken med 17:24 som er pers på 5km gateløp. I herreklassen vart Johannes Teigland nr. 3, også på pers (15:52). Svært gledeleg var det også at gode gamle Hallvard Nilsen vart nr. 4 med 16:06 som er ein bra tid i menn veteran 40.