Gular vann stafetten på terreng-NM

(07.04.2019) Med dobbeltsiger på 3km i går var Gular klare favorittar på dagens stafett under terreng-NM (6x1km, to løparar spring 3 etappar kvar). Herkules yppa seg rett nok på startetappen og leia ved første veksling, men etter to etappar var Gular og Marius Vedvik i tet, og derifrå og inn auka både Mats Hauge og Marius leiinga jamnt og trutt og var til slutt 18 sekundar føre Kristiansand i mål. Gular tok dermed medalje i denne øvinga for femte år på rad, og har såleis medalje i alle år etter innføringa i 2015. Men det er berre ein gong før det har blitt gull – ved Marius og Bjørnar i 2017.