Dobbelt til Marius og Mats på NM terrengløp

(06.04.2019) Under NM terrengløp i Larvik i dag vart det ein flott dobbeltsiger til Marius Vedvik og Mats Hauge. Marius rykka frå feltet litt ut i den andre av tre rundar, og var 5 sekundar før Mats i mål i den rundt 2.7 km lange løypa. Marius tok dermed sitt andre NM-gull på 3km terreng, det første kom i Strandebarm for to år sidan – i fjor deltok han ikkje på grunn av treningsleir. Mats tok sin andre seniormedalje individuelt, den første var bronsen på 1500m i vindkasta på Byrkjelo i fjor sommar. Vidare vart Eldar Fagerbakke nr. 17, Johannes Teigland nr. 24 og Lars Olav Måkestad Apold nr. 27. I dameklassen vart det ein flott femteplass til Ine Bakken.