Gular vann Fristafetten

(03.04.2019) Gular tok heim sigeren i herreklassen på Fristafetten for fjerde år på rad. Det vart eit jamnt oppgjer, med Gular i føringa i store delar av løpet. Sondre Hoff og Sivert Sellevold heldt Gular framme i teten på dei to første etappane, ved begge vekslingane vart det jamnt med Gneists juniorlag. På tredje etappe skaffa Mats Hauge ei luke på nesten fem sekundar til juniorlaget frå Ytrebygda. Den lange fjerdeetappen snudde opp ned på rekkefølga, då Marius Sørli løp Asks juniorlag opp i klar leiing medan Gneist junior og Gular ved Ivar Stefansson no var 5-6 sekundar bak. Sondre Dingsør henta inn igjen luka på nest siste etappe og veksla så vidt føre ungdommane frå Askøy, og på den 200m lang sisteetappen sørga Even Meinseth for at Gular avr tre sekundar før Asks juniorlag i mål. Damelaget vart nr. 3 bak to lag frå Varegg.