Per nr 3 på 3000m i Ghent

(10.02.2019) Det vart ikkje den heilt store helga for våre tre utøvarar som var i aksjon. I belgiske Ghent løp Per Svela 3000m i eit forsøk på EM-kravet 8:05.00, men med ein dårleg hare og eit altfor stort felt på 18 mann låg ikkje forholda til rette for det. Per tok teten 200m før mål, men ein islending og ein tyskar sneik seg forbi på oppløpssida. Tida vart 8:08.43, som er årsbeste. I den nordiske landskampen i Bærum vart Thomas Heggøy nr. 8 på 800m med 1:55.30, og på Tyrvinglekene same stad løp Christine Bjelland Jensen 60m på 7.76 i forsøket, medna det vart 7.83 og 8.plass i finalen.