NM-gull på 3000m til Per Svela

(03.02.2019) Under helgas innandørs-NM i Deep Ocean Arena i Haugesund vart det 1 gull og 2 bronse til Gular. På 3000m tok Per Svela sin første individuelle NM-tittel då han avslutta med ein siste 400m på rundt 56 sekundar (!) og vann på 8:10.95, han hadde over eit sekunds margin ned til sølvvinnaren. Nest beste Gularløpar på distansen var Marius Vedvik med 6.plass på 8:22.73, medan Jacob Boutera vart nr. 9 på 8:31.93. Bronsemedaljane gjekk til Christine Bjelland Jensen på 200m (24.87 i finalen etter 24.72 i forsøket), og til Thomas Myklebust Heggøy på 800m med innandørspers 1:54.90. For Christine var dette den tredje NM-bronsen i denne øvinga innandørs, medan Thomas tok sin første individuelle NM-medalje. Vi tar også med at Mats Hauge vart nr. 5 på 1500m med 3:51.59 (klubbrekord U23 innandørs) etter offensiv løping undervegs, medan Jacob Boutera vart nr. 7 på 3:55.94 og Robin Wathne Nedrehagen nr. 10 på innandørspers 4:03.59. På 3000m vart Ine Bakken nr. 7 med 10:12.73.

Neste søndag (10. februar) er det nordisk innandørslandskamp i Bærum. Laget er ikkje tatt ut enno, men vi reknar med at Per blir tatt ut og Christine kan vel også ha sjanse til å kome med på eit stafettlag.