Norsk bestenotering på 300m innandørs av Christine

(27.01.2019) Under Norgeslekene i Nes Arena på Romerike laurdag sette Christine Bjelland Jensen ny norsk bestenotering på 300m innandørs med 39.18. Distansen er lite løpt inne, men vi noterer oss at dette er like bak ute-persen til Christine på 39.07 sett heilt tilbake i 2014. Dette lovar godt framfor komande helgs inne-NM i Haugesund der Christine stiller på 200m og 400m. Ein annan som testa forma før NM var Marius Vedvik, som vart beste nordmann på 1500m under KW International i Ulsteinvik med 3:52.42 og tredjeplass. Avslutninga av løpet viste at Marius har meir inne. Gular stiller ein stor tropp på 1500m og 3000m for menn under NM inne, og vi er også representert på 800m for menn. Mats Hauge er mellom dei som stiller på både 1500m og 3000m, sist helg løp han på 8:18.03 på 3000m på Nornalekene og sette U23-klubbrekord innandørs. På 3000m for kvinner har vi med Ine Bakken, som viste fin form på Gran Canaria Marathon nyleg med solid pers 36:44 på 10km, her løp Johannes Teigland, som også stiller på 3000m på NM, mila på 32:50.