Mats Hauge vann Askløpet på sterke 13:07

(12.01.2019) Under dagens Askløp (4.5 km) viste ikkje uventa Mats Hauge seg som den sterkaste. Etter ein solid spurt kom han inn på 13:07, sju sekundar føre arrangørklubbens Casper Stornes. Mats leverte dermed historias tredje beste tid i dette løpet der Marius Vedvik har løyperekorden på 12:47. Vidare vart Magnus Sirnes Hjellum nr. 4 på 13:34, Jens Bøhmer nr. 6 på 13:44 og Ivar Stefansson nr. 7 på 13:57. I dameklassen vann tidlegare Gularløpar Lina Rivedal på 15.21, som førte henne inn på tredjeplass på løpets alle-tiders statistikk. Ine Bakken vart nr.2 på 15:40 (fjerde best gjennom tidene) og Kjersti Frevik vart nr. 3 på 16:36.

Vi tar også med at sist helg vann Andrea Boutera 5. løp i løpskarusellen på Romerike med 32:00 på 8km. Løpet gjekk på Bjørkelangen og truleg i noko kaldare ver enn dagens løp på Ask sjølv om det blir rapportert om småsurt ver på Askøy i dag.