Fin romjuls-800 av Thomas

(31.12.2018) 2018 nærmar seg slutten, og vi tar ei oppsummering av aktiviteten den siste månaden. Under romjulsstemnet i Haugesund 29.12 leverte Thomas Heggøy (bildet) ein fin 800m og vann klart på inne-pers 1:55.29. Ei fin oppmuntring for Thomas som gjekk glipp av så godt som heile banesesongen utandørs i 2018. Tidlegare i desember arrangerte Bergens Turn BT-spretten med flotte persar i stav på 2002-modellane Christian Vik Pettersen (4.50) og Eskil Njerve (4.10) frå BT. Christian sette innandørs klubbrekord, og det er berre klubbrekordhaldar Edgar Bjørnseth som har hoppa høgare (4.60), Christian delar andreplassen (inne+ute) med Henning Hofstad. Samarbeidsavtalen med Bergens Turn er sagt opp med verknad frå nyttår, men dei flotte hoppa gutane gjorde 16.12 går også inn på Gularstatistikken. Gode resultat på seinhausten leverte også ein annan BT-utøvar: Oda Marie Myklebust kasta 50.87 med seniorslegga på Loggane i Gloppen 2.12, dette er berre 15cm bak persen frå i sommar. I diskos og kule vart det 35.24 og 9.10 på jenta frå Natlandsfjellet som også konkurrerer i vektløfting utanfor friidrettssesongen.

På landevegen vann Lina Rivedal 10km på tredje løp i vinterens NECON løpskrausell på pene 36:37. I siste løp i vår eigen bykarusell vann Thomas Heggøy, med Sondre Hoff på tredjeplass. I dameklassen vann Ine Bakken nok ein gong, denne gong med Kjersti Fresvik og Andrea Boutera på dei neste plassane.

Godt nytt år til alle lesarane!