Sterk 10km av Mats

(24.11.2018) November er tradisjonelt lågsesong i friidretten, men litt aktivitet på landevegen har det likevel vore dei siste vekene. Forrige helg leverte Mats Hauge ein sterk 10km under Karmøy maraton, der han vann på 30:23 som er løyperekord med over minuttet. På Frikarusellen forrige veke vart Sondre Dingsør nr. 2 på 16:18, 25 sekundar bak vinnaren Sondre Solbakken Omvik frå Rosendal. På vår eigen bykarusell (3km) sist veke vann Ine Bakken dameklassen for tredje løp på rad, medan Johannes Teigland vart nr.2 i herreklassen. Frå Kystbykarusellen på Sotra noterer vi eit hyggeleg resultat av veteranen Morten Kjønsberg, som vann 5km på 18:42.