Statistikkane oppdatert!

(24.11.2018) No er statistikkane på statistikksida (som ein finn i menyen ‘Om friidrettsgruppen’ på framsida) oppdatert etter 2018-sesongen. Det er framleis litt å gjere med alle-tiders-listene, der 60m manglar og listene på halv- og heil-maraton er ufullstendige, spesielt for menn. Kommentarar og korreksjonar kan sendast til meg på bjarte@hi.no eller som melding på fb.

Vi noterer elles at det vart 4.plass i lagserien både for kvinner og menn. På herresida vart det som før nemnt ein spennande innspurt, der Thomas Mellin-Olsen sitt comeback i kule gjorde at Norna måtte mobilisere med spydkast på seriens siste dag 31. oktober for å ta tilbake tredjeplassen. Utan Thomas sitt kulestøt hadde Gular blitt nr. 5 bak Sandnes, som også mobiliserte på slutten og samla saman like mange poeng som Gular hadde før Thomas stilte opp i kule. Når det står likt i poeng er det nemleg beste enkeltresultat som avgjer, og Filip Ingebrigtsen sine 3:30.01 på 1500m er jo eit par divisjonar (og 162 poeng) betre enn Gulars beste enkeltresultat som var Per Svelas flotte 13:41.30-løp. Men i serien er det summen av 30 resultat som gjeld, og der var Gular betre enn Sandnes.