Lina nr 9 i NM halvmaraton

(03.11.2018) Årets NM i halvmaraton var innlagt i 3-sjøers-løpet i Stavanger. I dameklassen vart Lina Rivedal nr. 9 på 1:24.33 som er like bak persen i ei løype som ut frå vinnartidene ikkje kan ha vore av dei raskaste. Malene Njaastad vart nr. 30 med 1:32.22. Beste herreløpar frå Gular vart Lars-Olav Måkestad Apold på 25.plass med 1:17.08 og Ken Tony Johansen med 1:18.28. I klassen 70-74 år vart Per Skaar nr. 3 på 1:51.18.

Hausten er ei tid med mange gateløp, sjølv om det blir litt færre av dei når det nærmar seg november og det minkar på lauvet på trea. Mats Hauge vart nr. 3 på Djupdalten (9.3km) heime i Haugesund med 30:13, og vann første løp i Frikarusellen (5km) på 15:33. Mats avslutta sesongen sterkt og har nok fått blod på tann framfor neste sesong der han mellom anna har deltaking i EM U23som målsetjing. Denne helga vann Ingrid Festø vinterkarusellen på Hareid (Grimstadvatnet rundt, 7.8 km) med 29:48.

Banesesongen er over no, men for dei få innvidde vart det litt spenning under avslutninga av lagserien for menn der kampen stod mellom Norna-Salhus og Gular om 3.plassen og ‘best i byen’. Resultat i lagserien må vere oppnådd seinast 31. oktober, og eit par veker før slutt var Norna føre med fattige 12 poeng etter å ha funne nokre få ekstrapoeng ved ein ekstra gjennomgang. Dermed vart kretsrekordhaldar i lengde, Thomas Mellin-Olsen mobilisert for å skaffe ekstra poeng i kule, og 41-åringen støtte 10.60 etter å sjølv ha hakka isen ut av ringen på Åstveit sist søndag. Dette førte Gular i tet fram til seriens siste dag 31. oktober, då Norna slo tilbake med eit avgjerande spydkast av Sven Martin Skagestad. Til slutt skilte det 55 poeng (eller 75 cm lenger i kule av Thomas) i Nornas favør (24033-23978). Damelaget ser for øvrig ut til også å bli nr. 4 i lagserien, Norna vart nr. 3 også her, men avstanden mellom klubbane var mykje større her, rundt 1000 poeng.