Bronse til Marius i NM terreng

(14.10.2018) Under dagens NM i terrengløp i Trondheim vart det bronse på 10km til Marius Vedvik. Han var 32 sekundar bak vinnaren, som var skiløpar Didrik Tønseth, og 6 sekundar bak Senay Fissehatsion frå Tjalve. Marius har sølv og bronse på distansen frå før – siste Gular-gull i lang løype i NM terreng tok Arne Risa i 1972, då var distansen 8km.