VM-bronse til Hamarsland toppa september for Gular

(08.10.2018) Heimesida har ikkje vore oppdatert på lenge, men er no tilbake. La oss ta ei kjapp oppsummering av nokre høgdepunkt frå september og starten av oktober. Vi startar i veteran-VM i spanske Malaga der evigunge Arne Hamarsland (Foto: Kjell Magne Bruarøy/Midtsiden) tok bronse på 1500m med 8:14.45 i MV85. Arthur Lillefosse var også med – han vart nr 24 på 10km kappgang 1:14.37 MV70 og her vart Norge nr 5 for lag Arthur vart også nr 15 på 5000m kappgang på bane.

Fin maratonløping var det også, Lena Rivedal vart nr 3 på NM maraton i Oslo med debut på 2:57.03. Kjersti Fresvik vart nr 70 under Berlin maraton med flott klubbrekord 2:56.25 – ein klubbrekord det tok litt tid å oppdage fordi bruttotida (utan fråtrekk for tida det tar fram til startstreken etter at starten har gått) var vel eit minutt dårlegare. Men løypa i Oslo er nok tyngre enn den i Berlin, så i samløp trur vi Lina hadde vore raskast. Marius Vedvik tok for øvrig ein suveren siger på halvmaraton i Oslo med 1:05.41. Medan vi held oss utanfor bane noterer vi at i Stolten var Marius (nr 17, 9.06) og May Britt Buer (nr 4, 10.56) best av våre. Det har vore fleire andre motbakkeløp også, men dei tar vi ikkje med i denne raske gjennomgangen.

På bane var det eit vellukka opningsstemne på nye Skansemyren 4. september, der Mats Hauge nesten persa på 1500m (3:48.65), persen glapp då mjølkesyra melde seg for alvor på oppløpssida. Frå Bergenslekene noterer vi elles flott 200m hekk av Hanne Arstein med 28.12, og fin debut på 100m med seniorhekkar av Brita Mehl Lode med 15.44 på KM, Brita viste også god haustform i andre øvingar. Lina Rivedal fekk tydelegvis maratonløpet fort ut av beina – på Osterøy 3. oktober siktra ho verdifulle seriepoeng med debut på 10000m bane på 37:13.1.

Det er framleis nokre NM-titlar for 2018 igjen å kjempe om – terrengløp lang løype i Trondheim til helga og halvamaraton seinare i haust.