Tre gull i UM

(02.09.2018) Tre gull og mykje flott innsats elles er oppsummeringa frå UM i trønderske Overhalla i helga. Bergens Turn stod for nesten alle medaljane til samarbeidsklubbane. Alle tre gullvinnarane fekk også med seg fleire medaljar. I kast jenter 17 år vart det gull i diskos og bronse i slegge til Hedda Hauge Aasgård, og sølv i begge øvingane til Oda Marie Myklebust. I same årsklasse tok Hanne Arstein (midt på bildet) gull på 300m hekk med solid pers og kretsaldersrekord 43.46, sølv på 100m og bronse på 200m med pers 25.58. Den tredje gullvinnaren var Christian Vik Pettersen i 16-års klassen, han tangerte persen i stav som han vann med 4.30 og vart også nr 2 i lengde med 6.12. Julie Woie Flølo tok sølv i kule og bronse i spyd i 18/19 års klassen, og Brita Mehl Lode tok bronse i høgde i same klasse. Dermed vart det 3-5-4 til Bergens Turn på medaljestatistikken. Sebastian Wickstrøm Rolland tok bronse for Hovding i kule gutar 16 år.

PÅ Knarvikmila vart Lina Rivedal nr 4 på 10km med 36.39. På 5km vart Johannes Teigland og Sondre Dingsør nr 4 og 5 med hhv. 15:58 og 16:00, medan Ine Bakken vart nr. 2 med 17:37. Under Førde Opp vart Marius Vedvik nr. 2 opp dei bratte bakkane (700m høgdeskilnad) frå sentrum til toppen av Hafstadfjellet.