To gull i junior-NM og ni gull i veteran-NM

Det har vore ei flott Gular-helg, med to gull under junior-NM på Bislett, ni gull under veteran-NM på Øverlands Minde i Stjørdal og fine prestasjonar på landevegen.

Vi startar med ungdommen og junior-NM i norsk friidretts storstove på Bislett. Totalt vart det 2 gull, 6 sølv og 4 bronse til utøvarane frå Gular og samarbeidsklubbane (i junior-NM stiller alle for Gular), og det må vi seie oss nøgde med spesielt sidan det også vart mange persar både av medaljevinnarane og dei andre. Mestvinnande vart bronsevinnaren frå sist helg, Mats Hauge, som i eldste klasse (U23) vann 1500m på 3:50.98 og vart nr. 2 på 800m med 1:55.43, bak Sondre Dingsør som fekk 1:55.20. Dobbelt Gular i ein meisterskap på 800m har vi vel ikkje hatt sidan Ådne og Kerken tok dobbelt under senior-NM i Florø i 2004. I eldste klasse (U23) vart det også tre andre sølvmedaljar: Til Jacob Boutera i debutløpet på 3000m hinder (9:19.09), til Tor Kringstad Vedde på 400m (48.93) og til Ine Bakken på 3000m med 10:27.02. I yngste klasse kom medaljane i kast og hopp på jentesida: Julie Woie Flølo persa til 43.96 i spyd og berga dermed bronsen i siste omgang, og i kule vart det sølv med 12.04. Det vart også to bronsemedaljar til Hedda Hauge Aasgård: 38.01 i diskos og flott pers 48.63 i slegge. Her var ho berre 20cm bak klubbvenninna Oda Marie Myklebust som tok sølvet, Oda tok forøvrig fjerdeplassen i diskos med 37.45. Den siste medaljen gjekk til Rachel Ombeni i tresteg på flott pers 11.69 som gav bronse. Ho persa for øvrig også i lengde med 5.09, men vart utslått i kvaliken.

Vi hadde også med fleire utøvarar i yngste klasse som sette fine persar sjølv om det ikkje vart medalje: Hanne Arstein persa både på 100m (12.39 tangering) og 200m med utepers 25.62, og vart hhv. nr 4 og 5 i finalen på dei to distansane. Brita Mehl Lode persa også med 12.43 og 26.21, på 100m vart det 6.plass mens det ikkje vart finaleplass på den dobbelte distansen. Brita persa også til 36.17 i spyd. Begge jentene løp under pers i finalen, men då var medvinden for sterk. Sivert Fløgstad Sellevold persa til 51.41 i forsøket på 400m, men vart sist i finalen. Sebastian Wichstrøm Rolland i spyd (47.23, nr. 10) og Eskil Njerve i stav (3.75, nr. 7) var også nær persane sine. Alt i alt blir det rapportert om ei flott friidrettshelg i hovudstaden i pent ver.

På bildet: Frå venstre Sondre, Jacob og Mats.

Under veteran-NM i Stjørdal vart det 9 gull, 5 sølv og 6 bronse til Gular. Av enkeltprestasjonane må vi sjølvsagt nemne Arne Hamarsland sin norske rekord på 800m i MV 85 med 3:52.59. Om eit par veker er det 60 år sidan hans legendariske 3:39.8-løp på Bislett der han vart fjerde løpar i verda under 3:40-grensa på 1500m og sette ein norsk rekord som stod i 10 år. Arne vann for øvrig også 1500m i helga, på 8:29.94. I KV 75 tok Herborg Blakstad fem gull: 100m, 200m, lengde, høgde og tresteg. Dei to siste gullmedaljane gjekk til Harry Tvedt på 200m i MV 85 og til Frank Atle Kvinge i stav MV 60. Harry tok også sølv på 100m medan veterangruppas nye medlem, Frank også tok sølv på 100m og i høgde og tresteg. Frank var øvrig ein lovande stavhoppar i Gular på 1970-talet med 3.86 i 17-års klassen. Vidare vart det bronse på 3000m og 5000m til Per Magne Skaar i MV70. I same klasse tok Arthur Lillefosse bronse på 5km kappgang og sølv på 200m. I Mv80 tok Kjell Sælensminde bronse på 100m og 200m. Dessutan tok eit reint Gular-lag bronse i krets-stafetten i MV70.

På landevegen vart det andreplass til Lina Rivedal i halvmaraton i Stavanger på fin pers 1:23.37, medan Marius Vedvik vart nr. 3 i Øygardsmila på 31.27, rundt 40 sekundar bak tetduoen i det som tydelegvis var ei tung (eller lang) 10 km løype.