Årsbeste på Kristoffer, Per og Bjørnar

(23.08.2018) Under gårsdagens Trond Mohn Games på Fana stadion vart fleire årsbeste på våre løparar. Kristoffer Grindedal løp sin nest raskaste 800m nokon gong (1:52.93), den raskaste kom heilt tilbake i 2010. Dette er det svenskane kallar ‘nästpers’ (norsk nyord?), og vi håpar at ‘Kikka’ kan forbetre persen på 1:52.60 før sesongslutt. På 3000m var Per Svela raskast av våre med årsbeste 8:02.72, medan Marius Vedvik fekk 8:06.00 og Bjørnar Sandnes Lillefosse sette årsbeste med 8:15.06. Her vann Henrik Ingebrigtsen på suverene 7:42.72, berre halvsekundet bak persen og to sekundar bak den norske rekorden og han knuste dermed banerekorden til Brendan Foster frå 1980! På 100m var Christine Bjelland Jensen raskast av våre jenter med 12.05 i lett motvind.