1 sølv og 2 bronse under NM på Byrkjelo

(20.08.2018) Årets NM i friidrett på Byrkjelo vil vel først og fremst bli hugsa for forholda som laurdag og tildels også fredag var sure og vanskelege. Men med dyktige arrangørar og positiv innstilling frå aktive og tilskodarar vart det fjerde NM på Byrkjelo gjennom tidene ei triveleg oppleving likevel. For IL Gular vart utteljinga moderat, med 1 sølv og 2 bronse, men dei gleda vi oss til gjengjeld stort over. Sølvet gjekk til Christine Bjelland Jensen på 200 meter med 24.26 i lett motvind. Dette var hennar første medalje i senior-NM, og no nærmar ho seg mamma Siri (1 sølv og 2 bronse på 800 meter) i medaljehaust på senior-NM! Mats Hauge tok sin første NM-medalje på 1500m etter ein sterk spurt i eit lureløp der feltet fekk sterke vindkuler i trynet undervegs. Den andre bronsemedaljen tok Marius Vedvik på 10000m (29.45.98), der førdianararen viste at formen er på rett veg igjen etter det tunge løpet i tropevarmen under EM i Berlin.

Det vart også tre fjerdeplassar som alle var nær medalje: Per Svela på 5000 meter (14:26.09), Even Meinseth på 100 meter (10.95, hundredelen frå bronse) og herrelaget på 1000m stafett (Sivert Sellevold, Tor, Even og Kristoffer) . Bjørnar Lillefosse har hatt eit langt skadeavbrekk i sommar og tok sjetteplass på 5000m og åttandeplass på 10000m, medan Jacob Boutera tok ein pen åttandeplass på 1500m. Leonard-Johan Nesheim hadde beste tid på 400m hekk av dei som ikkje kom til finalen, og 56.33 er hans beste tid nokon gong i Gulardrakt. Dei unge utøvarane frå Bergens Turn som var med gjorde det bra, både kastjentene Oda Marie Myklebust, Hedda Hauge Aasgård og Julie Woie Flølo og stavhoppar Christian Vik Pettersen var nær persane sine i minst ei av øvingane dei var med på. Beste plassering av desse fekk Oda med sjuandeplass i slegge. Sprintarane Tor Vedde og Torbjørn Lysne vart slått ut i forsøket på 200 meter, medan Sondre Dingsør kvalifiserte seg for finalen på 800 meter, der Kristoffer Grindedal og Leonard-Johan Nesheim rauk ut i forsøket. Sist men ikkje minst var Lina Rivedal einaste Gularutøvar som persa – ho vart nr. 7 på 5000m med 17:32.02.