Even 10.50 på 100m i medvind

(12.08.2018) Even Meinseth viste sterk form før NM då han laurdag vann 100m i nordisk-baltisk U23 i svenske Gävle på 10.50 i medvind +2.6, under persen på 10.52. Han løp også på det norske vinnarlaget på 4x100m stafett som løp på 40.23. Even er ein av våre sterkaste medaljekandidatar under NM på Byrkjelo komande helg.

Under den nordiske U20-landskampen i danske Hvidovre vart Live Haugstad Hilton nr. 2 i lengde med 5.86 i sterk medvind (5.80 godkjent), og dessutan nr. 7 på 100m med 12.09 i medvind +2.7 og løp også startetappen på det norske 4x100m laget som vart nr. 2 på 46.27. I slegge vart Oda Myklebust nr. 6 på 48.24, og Julie Woie Flølo vart nr. 7 i kule med 12.11.