Tungt for Marius i EM

(07.08.2018) Det vart ei tung reise for Marius Vedvik på 10000m i EM, i tropevarmen i Berlin vart han nr. 27 og sist av dei som fullførte, på tida 30:46.59. Men all honnør for å fullføre på ein tung dag.

Vi noterer oss elles at fjorårets sølvvinnar på 10000m i NM, Bjørnar Sandnes Lillefosse, fekk ei fin gjennomkøyring med 8:18.71 på 3000m i Belgia på laurdag. Rot frå arrangøren gjorde at han hamna i eit heat der han måtte løpe solo, og han var over langsida føre toaren i mål. Bjørnar blir nok å rekne med i medaljekampen på 10000m i år også.