Marius klar for EM – og fire tatt ut til nordisk

(01.08.2018) Som venta vart Marius Vedvik tatt ut til EM på 10000m. Denne øvinga går i Berlin tysdag 7. august kl. 2020, og vi ønsker Marius lukke til på dei 25 rundane i det som blir hans andre senior-EM på bane, han var også med i 2014. Per Svela er heimeverande reserve på 5000m, det vil seie at han kan få løpe dersom ein av brørne Ingebrigtsen trekk seg frå 5000m som går etter 1500m. At Norge har fleire kvalifiserte enn kvoten på tre utøvarar (+ evt. tittelforsvarar) skjer ikkje spesielt ofte i internasjonale seniormeisterskap – i nyare tid har det vel berre skjedd på 5000m for menn i 1974 og 800m for menn i 1994 etter det vi kjenner til.

Helga 11-12 august er det nordisk juniorlandskamp (U20) i danske Hvidovre, og her deltar BT-jentene Live Haugstad Hilton (100m, lengde og 4x100m), og Oda Myklebust (slegge) og Julie Woie Flølo (kule). For Live blir dette sesongens siste stemne, like etterpå drar ho nemleg til Texas for å studere. Same helg er det nordisk-baltisk U23 meisterskap i svenske Gävle – der stiller Even Meinseth på 100m og 4x100m stafett.