Sterk løping av Even i Sverige

(29.07.2018) Fleire av våre utøvarar har vore på utanlandstur den siste veka. Under Windsprint i svenske Sundsvall laurdag vart Even Meinseth nr. 2 på 100m med 10.57 (vind +1.0) etter å ha løpt på 10.64 (vind +1.2) i forsøket. Persen på 10.52 overlever neppe sesongen! Tidlegare i veka var Even i Karlstad, der han vann C-heatet på 200m på 21.75 i sin første 200m i Gulardrakt. På 800m under same stemne vart det pene 1:53.78 på Kristoffer Grindedal, årsbeste 1:57.43 på Leonard-Johan Nesheim og 1:57.96 på Sondre Dingsør. Christine Bjelland Jensen hadde tatt turen til Rasschaert Memorial i Belgia der det vart 12.03 på 100m og 24.52 på 200m.

Foto: Grimstad Adressetidende.