5000-pers på Per: 13:41.30

(21.07.2018). Under det velkjende KBC Nacht stemnet i belgiske Heusden leverte Per Svela sesongens beste løp då han vart nr. 10 i B-heatet på 13:41.30, pers med 31/100. Dermed overlevde Arne Risa sin 48 år gamle klubbrekord på 13:41.0 også dette stemnet, men vi tviler på om den blir ståande til sesongslutt. Mats Hauge klarte ikkje å følge opp persløpet frå England og fekk 3:54.39 på 1500m.