Oda over 50 meter i slegge!

(18.07.2018) Den siste veka har det vore fleire sterke kastresultat å notere. Under Loggane Open i Gloppen på søndag vart det flotte persar på Bergens Turn-jentene Oda Marie Myklebust og Hedda Hauge Aasgård, som denne gongen berre kasta med senior-reiskap. I slegge var Oda den som kasta lengst med 49.90 mot 47.70 på Hedda, pers på begge to. I diskos tok Hedda revansj og passerte 40-meteren for første gong med 40.61, medan Oda var like bak årsbeste med 36.70. Oda persa også i kule med 10.03. Under spydstemnet på Osterøy laurdag persa 16-åringen Sebastian Wichstrøm Rolland frå Hovding til 48.94 med seniorspydet.

Etter dette følgde Oda flott opp med 51.02 i slegge under kaststemnet på Knarvik tysdag, og avanserte dermed til tredjeplass på klubbens alle-tiders statistikk.

Under sommarstemnet på Bislett i kveld vann Kristoffer Grindedal 800m på 1:54.95, medan Ragnar Nersten fekk 2:01.93, begge to litt bak årsbestenoteringa. Eldar Thomassen Fagerbakke løp 3000m på 8:47.73 mens Sondre Arne Hoff noterte 9:05.38, nær årsbeste for begge to, og Christine Bjelland Jensen vart nr. 2 på 100m på 12.07. Andrea Boutera debuterte (trur vi) på bane – pene 10:47.66 på 3000m vart det for medisinstudenten som tidlegare konkurrerte i skiskyting.

Laurdag var det også motbakkeløpet Kvasshovden Opp i Ulvik, der evigunge Kirsten Marathon Melkevik vart nr. 3.