1500-pers på Mats Hauge: 3:48.43

(08.07.2018) Mats Hauge melde overgang frå Haugesund til Gular før sesongen. Sjølv med ein årsbeste på 3:50.07 har han vore relativt anonym så langt, men under British Milers Club stemnet i Eltham laurdag viste han styrke og form då han drog siste 600m og vann B-heatet på 3:48.43, pers med 18/100 (Foto: #teamlowesrun). Dermed passerte han mellom anna økonomiansvarleg Lars Røttingen på klubbens alle-tiders statistikk. Jacob Boutera satsa friskt i A-heatet, men fekk det tungt på sisterunden og kom inn på 3:53.37. Tidlegare i veka debuterte Ivar Stefansson, som er på studieopphald i England, på 5000m bane i Finsbury Park med pene 15:12.30, kanskje han kan klare NM-kravet på 3000 eller 5000 på neste forsøk?

I svenske Borås var det veteran-nordisk i helga, med totalt 3 gull, 1 sølv og 2 bronse til Gular. Gode gamle Arne Hamarsland vann både 800m og 1500m i MV85 med hhv. 3:56.11 og 8:33.13. Herborg Blakstad i KV 75 tok gull i tresteg med 6.09 og bronse på 200m med 40.87, og løp dessutan på det norske vinnarlaget på 1000m stafett. Arthur Lillefosse tok sølv på 10km kappgang med 1:16.13 og bronse på den halve distansen med 36:25.

På seriestemnet på Leikvang torsdag debuterte Hovdings Sebastian Wichstrøm Rolland med seniorspydet (800 gram), og klarte NM-kravet då han fekk opp eit kast på 47.84. På same stemne løp Sivert Fløgstad Sellevold under 200m-persen på 23.05 då han fekk notert 23.00, men medvinden var litt for sterk (+2.8) til at resultatet blir godkjent som pers.

I Vikedal nokre mil aust for Haugesund vann May Britt Buer motbakkeløpet Hestanipen Opp på ny løyperekord, og Andrea Boutera vann 10km under Unionsmaraton i Rømskog på betre tid enn i fjor. Grensekommunen Rømskog ved svenskegrensa er mest kjent for at dei ofte er først ute med opptellinga av stemmer ved stortings- og kommuneval.