Fin innsats av Oda i EM U18 og flott 100m-pers av Even: 10.52!

(06.07.2018) Sidan det har vore mykje fin friidrett av våre aktive midt i denne veka, kjem oppsummeringa på ein fredag. Vi startar i ungarske Gyør der Oda Marie Myklebust leverte ein fin innsats i EM U18. Ho vart slått ut i kvalifiseringa i slegge med 57.44, ein dryg meter bak persen. Dette gav ein 23. plass av 32 startande, som tilsvarar den posisjonen ho hadde på statistikken blant dei deltakande før meisterskapen. Andrekastet skapte litt dramatikk, for å sitere pappa Bjørge Pedersen: » Kast nummer to var det beste kastet. Dessverre traff det stolpen i buret, og det ble dramatisk da sleggen spratt over nettingen og landet blant deltagere og funksjonærer. Takk og pris traff den ingen, men det satte en støkk hos mange.»

Gular var godt representert under torsdagens Boysen Memorial på Bislett. Dagens beste Gularprestasjon stod Even Meinseth for med pers 10.52 (vind +1.9) i forsøket på 100m, tre hundredelar betre enn den gamle persen frå 2015. Det er berre Erlend Sæterstøl og Thomas Mellin-Olsen som har løpt fortare i Gulardrakt. Even stod over finalen for å ikkje ta sjansen på å slå opp att gamle skader. Det gjekk også fort unna på 100m for kvinner, men her var vinden for sterk (+4.4) i forsøket der Christine Bjelland Jensen fekk 11.67 og Live Haugstad Hilton 11.84. I finalen var det så godt som vindstille (+0.3), her vart det pen årsbeste på Christine med 11.81 mens Live fekk 12.09. På 800m var ‘veteranen’ Kristoffer Grindedal best av våre med 1:53.53 og klarte dermed NM-kravet med god margin. No er det mindre enn sekundet ned til den seigliva persen hans frå 2010 på 1:52.60. Jacob Boutera var like bak, og sette ein solid pers med 1:53.66 – ikkje uventa etter den fine 1500m-løpinga han har prestert tidlegare i sommar. No er han ikkje langt frå persane til klubbens økonomiansvarlege og klubbens nettredaktør – både på 800m og 1500m! Alex Tesfamariam fekk 1.55.86 i same heat. Det vart også fine persar på Sondre Arne Hoff med 2:00,29 og Ragnar Nersten med 2:01.59.

Søndag hadde tre av våre aktive frå Odda tatt turen til Ulvikleikane for å springe 3000m. Her viste det seg at dei gamle var eldst, då Jonny Kibsgaard fekk 9:12.78, Lars Olav Måkestad Apold 9:20.91 og Ken-Tony Johansen 9:24.50 (pers).