Kjempehopp av Live: 6.24

(01.07.2018) Nok ei svært aktiv veke for mange i Gular og samarbeidsklubbane, både lokalt og utanfor landets grenser. Lives kjempehopp i Gøteborg toppar oppsummeringa for denne veka.

Ein større tropp frå Bergens Turn pluss eit par frå Gular hadde tatt turen til Göteborg og etter kvart tradisjonsrike VU-spelen. Fristen for å kvalifisere seg til VM U20 gjekk ut denne helga, og Live Haugstad Hilton kom svært nær å kvalifisere seg. Lengstehoppet på 6.24 var over kravet på 6.20, men dessverre var medvinden ørlite for sterk: +2.3. Dermed blir det nok ikkje tur til finske Tampere for Live og heller ikkje for eit år yngre Kristina Stensvoll Reppe frå Ranheim som også hoppa 6.24 (i +2.2) og slo Live på 1 cm lenger nest lengste hopp. Dagen for dei små marginar! Men Live får mange nye sjansar til lange hopp utover sesongen, den første alt på torsdag under Boysen Memorial i Oslo, og det ligg an til ein jamn lengdekonkurranse under NM på Byrkjelo.

Frå VU vil vi elles trekke fram flott pers av Hanne Arstein på 300m hekk med 44.56 og på 100m hekk (76.2 cm hekkar) med 14.41 ho løp også 100m på 12.27 i for sterk medvind. På 100m noterte elles Christine Bjelland Jensen 12.04 i forsøket (stod over finalen) og Brita Mehl Lode 12.55. Vi legg også merke til god og stabil stavhopping av Christian Vik Pettersen (4.23) og Eskil Njerve (3.90 og perstangering).

Torsdag hadde Jacob Boutera tatt turen til Sollentuna utanfor Stockholm og Folksam GP. Her sette han sin tredje 1500-pers på ein månad med 3:49.42, hundredelen under gamlepersen frå Strandebarm. Tre løp på 3:49-talet før juni er ute er sterkt av ein løpar med pers på 3:58 før sesongen! Mange av trenarane og administratorane i klubben i dag (nettredaktøren inkludert) har kjempa hardt med 3:50-grensa (nokon måtte ha stafettpinne i handa for å kome under) og har stor respekt for ei så solid nivåheving frå ein sesong til den neste. Marius og Per hadde denne helga tatt turen til belgiske Merksem, det vart ingen stor suksess på ein varm søndagskveld i Belgia, Marius fekk 14:02.28 medan Per braut.

Onsdag hadde fleire av langdistansejentene våre tatt turen til Arna for å løpe 5000 meter, og for alle unntatt Kjersti Fresvik trur vi det var første gong dei noterte tider på bane. Lina Rivedal var som venta raskast med pene 17:32.24, som førte henne opp på ein sjetteplass på klubbens alle-tiders statistikk. Kjersti fekk 18:18.34, Malene Liljedahl Njaastad 18:28.90 og Kathrine Rørtveit 19:28.48. Så langt i år er klubben utan noteringar på 800m og 1500m på kvinnesida, så vi håpar at nokon snart prøver seg på desse distansane også.