Oda klar for EM U18!

(25.06.2018) Friidrettsforbundet tok i dag ut det norske laget til EM U18 i ungarske Gyør, og som venta er Oda Marie Myklebust ein av dei totalt 35 norske deltakarane i meisterskapen. Ho deltar i slegge (3kg) der også Helle Henriksen Hvidsten frå Modum er tatt ut. Sleggekvalifiseringa går på føremiddagen torsdag 5. juli, med finale på kvelden dagen etter. Vi ønsker Oda lukke til! I 2016 deltok Live Haugstad Hilton i EM U18, og tidlegare har Frida Berge (som no heiter Reiersølmoen etter bryllupet nyleg) og Sondre Dingsør deltatt i VM U18.