Per 13:45, Marius 13.48, Even 10.66

(24.06.2018) Nok ei sterk Gularhelg med gode prestasjonar i inn og utland:

Marius Vedvik og Per Svela hadde tatt turen til British Milers Club sitt stemne i Loughborough i Midt-England, ein by der verdskjende løparar som Sebastian Coe og Paula Radcliffe har vore studentar i si tid. Haren på 5000m gav seg like før 3000m, som vart passert på 8:17, 2 sekundar bak 13:45-skjema. På den fjerde tusenmeteren la walisiske Kristian Jones inn eit rykk som resten av hovudfeltet ikkje klarte å følgje. Per Svela og resten av feltet tok kraftig innpå på sisterunden, men walisaren heldt unna og vann på 13:45.25, medan Per på andreplass fekk 13:45.65 og Marius på femteplass sette årsbeste med 13:48.05. Etter det vi kan sjå er det karrierens tredje beste løp på distansen for Per og det nest beste for Marius. Trenar Arne Risa sin 48 år gamle klubbrekord på 13:41.0 overlevde også dette stemnet, men vi trur neppe den overlever sesongen, særleg sidan det etter kva vi kunne sjå på streamingen slett ikkje var vindstille under dette stemnet. Neste løp for Marius er Folksam GP i svenske Sollentuna på torsdag (28.6), der han er på startlista på 1500m saman med Jacob Boutera.

Nokre av våre aktive var også i aksjon aust om Langfjella denne helga. Under Veidekkelekene på Lillehammer løp Even Meinseth 100m på sterke 10.66 i forsøket, men stod over finalen. Denne tida gir han ein delt femteplass på klubbens alle-tiders statistikk, og er beste Gulartid på 100m sidan 2002 (Thomas Mellin-Olsen hadde 10.65 det året). 10.66 er 11/100 bak persen til Even frå 2015. På same stemne vart det 8:54.54 på 3000m for Eldar Thomassen Fagerbakke. På Bislett var det kaststemne på fredag i samband med ei kastsamling. Her viste Oda Marie Myklebust stabil form med 58.57 med 3-kilos slegga, under ein meter bak persen. Vi reknar med at Bergens Turn-jenta frå Natlandsfjellet no har sikra seg ein plass i den norske troppen til EM U18 i ungarske Györ, der kvalifiseringa i slegge er torsdag 5. juli.

Live Haugstad Hilton var med i ein stor norsk tropp til den tradisjonsrike Junioren-Gala i tyske Mannheim, som i år vart arrangert for 25. gong. Laurdag løp Live ein god startetappe på det norske laget på 4x100m stafett, som noterte 46.36 etter at den siste vekslinga ikkje klaffa så godt. Søndag klaffa det ikkje like godt i lengde som sist helg, lengstehoppet var på 5.97 i godkjent vind.

På Gneistspelen vart det fleire persar trass i at temperaturen ikkje var særleg sommarleg, vindretning og styrke var derimot gunstig. Naomi Van den Broeck hadde ingen konkurranse på 200m der 24.20 var fin årsbeste, og løp også solo på 400m som ho vann på 55.57. Sivert Sellevold frå Hovding persa til 11.60 på 100m, 23.05 på 200m og 51.78 på 400m, og på 100m vart det fine persar til Bergens Turn-jentene Hanne Arstein (12.39) og Brita Mehl Lode (12.53). Brita persa også til 25.90 på 200m, her fekk Hanne 25.66 som er tangering av ute-persen. , Christian Vik Pettersen var som vanleg beste BT-gut i stav med 4.20, føre Eskil Njerve som persa til 3.90. Elles vart det årsbeste på 800m for Leonard-Johan Nesheim med 1:58.43, og Lars-Olav Måkestad Apold persa til 9:07.72 på 3000m.

Måndag vann Andrea Boutera 5km på Sommarkarusellen på 19:35, med Kathrine Rørtveit på tredjeplass med 20:15. Tysdag vart Lina Rivedal nr. 2 på BDO-mila i Hordnesskogen på 36:58, medan Malene Liljedahl Njaastad vart nr. 4 på 39:51.