Live med 6.11 i lengde toppa sterk Gular-helg

(18.06.18) Nok ei sterk Gular-helg, med sterk innsats både i Strandebarm, på Nadderud, i Gloppen, i motbakkar og på veg.

Under Tyrvinglekene på Nadderud sette Live Haugstad Hilton ny årsbeste i lengde med 6.11, berre 3cm bak fjorårspersen. Like imponerande var det at alle dei fem gyldige hoppa var på 6.00 eller lenger, rett nok med litt for sterk medvind i nokre av dei. Den spenstige jenta frå Midttun nærmar seg no VM U20-kravet på 6.20. Elles tar vi med frå Nadderud at Christine Bjelland Jensen løp ein fin 200m på 24.15 i for sterk medvind (+3.4). Hanne Arstein tangerte 100m-persen med 12.43, og løp også under utepersen med 25.60 på 200m, men her var medvinden for sterk. For sterk medvind gjorde at det heller ikkje vart pers på Brita Mehl Lode på same distanse, 26.06 vart det på 18-åringen frå Bergens Turn.

I Strandebarm leverte våre gutar nok ein gong ein sterk 1500m, Marius Vedvik var best av våre med andreplass på 3:46.89, årsbeste i kretsen og hans nest beste løp på distansen gjennom tidene. Jacob Boutera persa nok ein gong, no til 3:49.43, og Mats Hauge fekk 3:52.14. På 800m var Sondre Dingsør best av våre med 1:53.62 og andre plass, med ‘veteranen’ Kristoffer Grindedal som vår nest beste denne gongen. ‘Kikka’ nærmar seg NM-kravet, 1:55.13 var berre 14/100 frå å sikre billetten til Byrkjelo i august. Even Meinseth løp sin første 100m i Gulardrakt og vann med 10.87 i lett motvind. Naomi Van den Broeck leverte ein sterk 400m og vann klart med 54.94, like bak pers. 16-åringane Christian Vik Pettersen (4.16) og Eskil Njerve (3.86 pers) frå Bergens Turn leverte fin stavhopping, og Christian persa dessutan til 1.74 i høgde.

Under Loggane Open i kastkommunen Gloppen på søndag vart det ny pers til Oda Marie Myklebust med 59.24 med 3kg-slegga. I diskos vart det årsbeste med 37.61.

I Luster i Sogn vann May Britt Buer ein klar siger i motbakkeløpet Molden Opp. Ingrid Festø vant Varden Opp på Sunnmøre i går, og tidlegare i veka også første løp i Ålesundkarusellen (5Km). I går var det Bergen Fjord Tour der Pia Kloster løp inn til en 4.plass i det 27 km lange trial løpet frå Fløyen til Knarvik.