Flotte persar til Tor og Jacob på Bislett

(07.06.2018) Under dagens Bislett Games var Gular godt representert i dei nasjonale heata. Tor Junor Kringstad Vedde (bildet) persa med nesten sekundet til 48.07 på 400m, og er dermed nr. 7 gjennom tidene i Gular. Torbjørn Lysne følgde fint opp med 48.72. På 1500m var Jacob Boutera raskast av våre med 3:49.75, og vart med det Gularløpar nr. 35 gjennom tidene under 3:50. Mats Hauge følgde fint opp med årsbeste 3:50.07. Elles vart det fine årsbeste til Sondre Dingsør (1:50.92 på 800m) og Christine Bjelland Jensen (24.19 på 200m), eit av karrierens beste løp for begge to. På 10000m vart det tøft for våre to sterke langdistanseløparar på ein varm Bislettkveld. Marius fekk 29:13.27 medan Per braut.