Mange persar i helga – Jacob var ein av dei som persa mest

Nok ei helg har gått med stor aktivitet på ulike areanaer, mest Jessheim og Fana, men også på Bislett og i løp utanfor bane har vi hatt deltakarar.

På 1500m elite på Jessheim torsdag hadde vi fem løparar med i dei ulike heata. Raskast av våre var Vidar Dahle, som løp eit av karrierens beste løp med 3:47.96. Neste Gular-løpar på resultatlista var Jacob Boutera (bildet) som persa med heile åtte sekundar til 3:50.75. No har han betre pers enn trenar Asgeir Thomassen (rett nok har Asgeir vore under 3:50 i stafett)! Mats Hauge var nestemann med 3:51.71 i sitt første baneløp utandørs for Gular. Sondre Dingsør persa til 3:53.29, og Eldar Fagerbakke kom seg under 4:00 for første gong med 3:59.04, Gularløpar nr. 113 under 4:00. Sondre løp også 800m i Nittedal laurdag, der det vart 1:54.87, kanskje sat 1500-persen frå torsdagen litt i beina?

På Bislett fredag løp Christine Bjelland Jensen 100m på årsbeste 11.92, og Oda Myklebust kasta 56.99 med 3kg-slegga.

Under Framolekene i helga var det tett med gode prestasjonar frå Gular og samarbeidsklubbane Bergens Turn og Hovding.

Vi startar med sprint, der Live Haugstad Hilton løp på 12.00 i så godt som vindstille, dette er den nest best tida ho har med godkjent vind. Klubbvenninnene i Bergens Turn, Hanne Arstein og Brita Mehl Lode persa til hhv. 12.43 og 12.64. På herresida vart det årsbeste til Torbjørn Lysne på 200m og 400m (22.23/49.22).

På lengre løp banedebuterte (så vidt vi veit) Lina Rivedal med 3000m på 10:09.88, 2 tidelar bak Ine Bakken sin klubbårsbeste. Jens Bøhmer nærmar seg også fjorårspersane, han løp 3000m og 1500m på 8:35.62/4:00.94, andreplass i begge løpa. Alexander Tesfamariam var like bak 800-persen med 1:54.23, og persa også med 51.33 på 400m.

I hopp imponerte 16-åringen Christian Vik Pettersen frå Bergens Turn med 4.30 i stav, pers med 20cm. No er det berre 10cm opp til Henning Hofstad sin junior-19 klubbrekord frå 1976! Den jamgamle klubbkameraten Eskil Njerve persa også med 3.80. Sivert Sellevold frå Hovding sette årsbeste i lengde med 6.19.

Julie Woie Flølo årsdebuterte med persar på 12.36 i kule og 41.71 i spyd. I kule passerte ho 12-meteren for første gong, og er no nest best i klubben gjennom tidene: Ho var 33 cm bak Katrine Haarklau sin junior-19 klubbrekord og rundt meteren rundt Katrine sin senior-rekord. Spydkastet var pers med fattige 2 cm, men pers er pers! Oda Myklebust var snaue meteren bak persen i slegge 3kg med 58.09, og Hedda Aasgård persa til 55.95. Oda slo denne gongen sin rival om EM U18-plassen, Helle Henriksen Hvidsten, som fekk 56.99. Det er kamp om dei to norske plassane til EM U18 i ungarske Gyør i sommar (krav 56.00). Øvst på Norgesstatistikken finn vi Oda med 58.72 føre Sarah Mikkelsen med 57.87, Helle med 57.74, og Hedda er med 55.95 berre 2 cm bak kravet! Kvart land kan maksimalt stille med to deltakarar i ei øving, så her blir det kamp!

May Britt Buer vann Skredløpet i helga der ho fekk vandrepokalen med heim etter 3 napp. Vi har ikkje fått fingranska nettet etter andre Gular-resultat utanfor bane dei siste dagane.