Per Svela med 13:41.71 på 5000m den beste av mange persar denne helga

(27.05.2018) Både for Gular og norsk friidrett har denne siste maihelga vore flott og i stil med det fine veret vi har for tida. Våre aktive har vore i aksjon frå Trondheim i nord til Belgia og Tyskland i sør og gjort det bra både i sprint, lengre løp, hopp og kast.

Vi startar med IFAM-stemnet i belgiske Oordegem. Her persa Naomi Van den Broeck til sterke 54.57 på 400m, som er femte best i Gular gjennom tidene. Litt seinare på føremiddagen årsdebuterte Christine Bjelland Jensen på bane utandørs med 24.43 på 200m. Utpå kvelden var det klart for 5000m med Per Svela og Marius Vedvik. Per persa her i fjor og laga reprise i år. Med 13:41.71 og niandeplass i A-heatet var han like ved å slette Arne Risa sin 48 år gamle klubbrekord på 13:41.0, og han slo dessutan Norges maraton-ess Sondre Nordstad Moen. Per er no nr. 23 i Norge gjennom tidene på denne distansen. I B-heatet vart Marius nr. 6 med 13:49.09, rundt fire sekundar bak persen og hans neste beste løp på distansen.

I tyske Halle deltok Oda Myklebust og Hedda Hauge Aasgård i eit internasjonalt kaststemne, og vart hhv. nr. 9 og 13 med 56.44 og 53.74, begge like bak persen.

Vi drar nordover til Haugesund og Mailekene der Live Haugstad Hilton sette årsbeste med 6.01 (også 6.02 i for sterk medvind). Blant dei mange persane nemner vi Hanne Arstein 44.71 på 300m hekk, Brita Mehl Lode (12.67 på 100m og 26.33 på 200m) og Christian Vik Pettersen (6.19 i lengde). Ein annan BT-utøvar, Rachel Ombeni, har i det stille levert fine prestasjonar i Belgia der ho går på skule i år (pers 12.67 på 100m og nesten-persar med 26.84 på 200m og 11.32 i tresteg). Blant dei yngste noterer vi også at Sivert Sellevold frå Hovding løp langt under 100m-persen på Hovdingleikane tidlegare i veka med 11.47, men dessverre viste vindmålaren +2.1.

I Trondheim leverte årets komet Tor Kringstad Vedde nok eit sterkt løp med solid pers 48.98 på 400m, og han manglar no berre 2/100 på å kome inn på klubbens topp-10 gjennom tidene. Rutinerte Torbjørn Lysne fekk 49.36, men har nok meir på lager sidan han vanlegvis treng ein del konkurransar for å finne toppformen.

Utanfor bane har vi også hatt mange i aksjon. Under gårsdagens Ulriken Opp var Kaja Morken raskast av våre med ein femteplass. I Åsaneløpet tidlegare i veka var Lina Rivedal best av våre med ein andreplass, mens Martin Finne og Jens Bøhmer vart hhv. nr. 4 og 6, og på Sørlandet vann Andrea Boutera Farsundmila.