Gull, sølv og femteplass på stafett-NM

(20.05.2018) Gull og sølv på stafett-NM toppa ei helg med Gular-aktivitet på mange arenaer. Årets stafett-NM gjekk på Nesodden utanfor Oslo. Laurdag vart det først 5.plass på 4x100m stafett med 42.31, 34/100 frå bronsen. På laget løp Sivert Sellevold, Torbjørn Lysne, Even Meinseth og Tor Kringstad Vedde. I forsøket løp Bendik Verlo Nes startetappen, elles var laget det same der. Bildet viser våre fem mann på denne distansen (frå venstre Tor, Sivert, Even, Bendik og Torbjørn). 4×1500-gutta fekk ei lang reise med diverse transportmidlar, men rakk fram til starten som var heilt på slutten av stemnet. Med berre to lag på start vart det ein klar siger til kvartetten Thomas Heggøy, Jacob Boutera, Vidar Dahle og Mats Hauge. Jacob hadde dagens beste etappetid (like under 4.00), og bør kunne perse solid på Jessheim om vel ei veke. Vidar Dahle vart for øvrig historisk som første Gularløpar med fire gull på 4x1500m, og dette var også senior-gull nr. 200 på herresida for klubben. Søndag vart det sølv på 4x400m etter ein hard kamp med Tyrving, som til slutt var fattige 6/100 føre i mål. 3:15.10 var likevel beste Gular-tid på distansen sidan 2004. På laget løp Even Meinseth, Tor Kringstad Vedde, Torbjørn Lysne og Sondre Dingsør.

Under vårt eige arrangement Fløyen Opp var evigunge Kirsten Marathon Melkevik beste Gularløpar uansett kjønn, ho vart nr. 4 i dameklassen. Under Blømingsmile i Hardanger var Lars-Olav Måkestad Apold raskast med 34.29, like føre Jonny Kibsgaard som med 34:32 vann 40-44 års klassen. Ken Tony Johansen vart nr. 4 med 35:00.

Under AKS-leikane laurdag hadde fleire frå Bergens Turn tatt turen til Knarvik. Eskil Njerve hoppa 4.94 i lengde og løp 100m på 13.79. Oda Marie Myklebust sette årsbeste i diskos med 37.00. I kule 3kg vart det 11.38, like bak fjorårspersen og i spesialøvinga slegge (3 kg) 57.23, to meter føre Hedda Hauge Aasgård som persa med 55.15. Hedda manglar berre 85 cm på å bli den fjerde norske jenta som er kvalifisert til årets U18-EM i slegge (men berre to får delta).